25. sep. 2013

Trollheimen

Trollheimen er eit fjellområde på grensa mellom Nordmøre i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag. I vest er fjella av alpin karakter, mens dei i aust er rolegare. Området er avgrensa av Surnadal og Rindal i nord, Orkdal og Dovrebanen i aust, Sunndal i sør og fjordane i vest.
Gjennom millionar av år har isbrear forma fjellområdet. Breane har laga u-dalar i aust og elvar og stryk har laga v-dalar i vest. Trollheimen var sannsynlegvis det området i landet som først smelta etter istida, og funn som er opptil 9 000 år gamle tyder på at det har budd menneske i området sidan steinalderen. Fangst har vore matveg i alle tider, også no, særleg fuglrein og elg. No er området viktig for norsk friluftslivog idrett som fjellklatring.
Namnet Trollheimen vart først føreslått av Håkon Løken, og vart gitt til området av Trondheim Turistforeining i 1880-åra. wikipedia


Legg inn en kommentar